Brann redda poeng på overtid – avlyste gruppekamp etter skyteepisode
Publisert 21/12/2023 klokken 20:37 GMT+1
Brann viste seg fram mot storlaget Lyon og sikra poengdeling torsdag kveld. Dermed enda dei det franske laget si enorme sigersrekke.
Gler seg til ta med lagvenninnene til Noreg: – Trur nokre blir sjokkert
Video credit: Eurosport
Brann - Lyon 2-2 (1-2)
Lyon-spelarane fekk verkeleg kjenne på det norske vintervêret torsdag kveld. Det var meldt liten kuling i Bergen, og UEFA bad dermed om å få male raude linjer på Åsane Arena for sikkerheitsskuld.
Vêret var ikkje nok til å stoppe spelarane frå franske Lyon. Dei gjekk tidleg opp i leiinga etter scoring frå blant anna Ada Hegerberg. Men med ein spelar meir etter tidleg i andreomgong slo Brann hardt tilbake og sikra poengdeling på overtid.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/12/10/3842301-78078948-2560-1440.png)
Keeperhelten: – Jeg vil takke Christian Michelsen
Video credit: Eurosport
Marerittstart for Brann
Etter berre seks spelte minutt gjekk gjestane opp i leiinga på deira første moglegheit. Amel Majri plasserte ballen i hjørnet bak Brann-keeper Aurora Mikalsen.
Vondt blei verre for heimelaget, då Lyon fekk straffe i det ellevte speleminutt. Norske Ada Hegerberg stilte seg opp for å ta straffa på landslagskollega Mikalsen. Hegerberg sendte Mikalsen til feil hjørne, medan ho plasserte ballen sikkert i motsett hjørne.
Brann slo så tilbake. Justine Kielland, som klarte å sprekke nullen hos det franske laget for første gong i gruppespelet i Lyon førre veke, reduserte igjen torsdag kveld. Ho banka ballen i venstre hjørne på praktfullt vis frå 16 meter til full jubel hos Brann-fansen.
– Det var digg å få eit mål, men det er mykje som må opp etter førsteomgangen der, sa Kielland til TV 2 i pausen.
Laga gjekk til pause med 2-1-stilling til gruppeeinarane.
Ein spelar mindre
Andreomgangen starta på svært dramatisk vis. Lyons Lindsey Horan fekk det raude kortet etter ein duell med Karoline Haugland. Lyon fekk frisparket etter duellen, men Horan var ikkje ferdig med situasjonen, og dytta Haugland. Gjestane måtte dermed klare seg med ein spelar mindre ut kampen.
Utvisninga gav ikkje noko umiddelbar effekt for raudtrøyene. Laga spelte svært jamt med få sjansar.
Etter 71 minutt skapte innbytar Nora Eide Lie ein enorm sjanse. Brann-spelaren skaut frå 16 meter, opp i høgre kryss. Lyon-keeper Christiane Endler klarte akkurat å strekke ut armen, og Lyon slapp med skrekken.
Tre minutt for overtid lykkast heimelaget med utlikninga. På sin niande corner i kampen klarte Signe Gaupset å setje ballen i mål.
– Det er ein heilt sjuk følelse. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Det er rein lykke, sa Gaupset til TV 2 etter kampslutt.
Dermed enda Brann Lyon si perfekte rekke med sigrar mot norsk motstand, og sette ein stoppar for deira enorme sigersrekke på 21 strake sigrar.
Avlyste kamp etter skyteepisode
Brann møter Slavia Praha i neste Champions League-kamp, 25. januar. Laget frå Bergen har seks poeng ned til det tsjekkiske laget.
Slavia Praha skulle eigentleg møte St. Pölten torsdag kveld, men kampen vart avlyst etter at ein skyteepisode på eit universitet i den tsjekkiske hovudstaden.
Det opplyser Slavia Praha på X/Twitter.
– Våre tankar er med alle involverte, skriv klubben.
Minst 15 menneske har mista livet og 24 er skadd, opplyser politiet i Praha.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/12/11/3842337-78079668-2560-1440.jpg)
Sportssjefen ordknapp om stjernespissens fremtid: – Den er tøff
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame