Molde bekreftar dobbeltsignering – returnerer til norsk fotball

Molde har signert to nye spelarar.

Mats Møller Dæhli.

Foto: Scanpix

Mats Møller Dæhli er klar for Molde. Det bekreftar klubben på sine heimesider.
28-åringen har skrive under på ein fireårskontrakt med eliteserieklubben.
– Eg gler meg til denne utfordringa. Det følast godt og riktig å vere tilbake i Molde igjen no, seier han.
Dæhli spelte ein liten periode for Molde i 2013 frå Manchester United. Før 2014-sesongen tok han følge med Ole Gunnar Solskjær til Cardiff.
Midtbanespelaren har hatt fleire år i Tyskland og Belgia.
Hovudtrenar Erling Moe gler seg over signeringa.
– Ein spelar vi bestandig har hatt i bakhovudet sidan han drog herifrå, og no er tida full klaff for alle partar til å kome heim igjen. Mats kjem til å gjere oss endå meir spelesterk i det offensive spelet.
Samtidig opplyser klubben at Halldor Stenevik har skrive under på ein fireårskontrakt. Stenevik har dei siste åra spelt i Strømsgodset.
– Halldor er ein spelar vi har vore ute etter før, og no passa det for alle partar. Eg er veldig glad og fornøgd med at vi fekk signert han no, seier Moe.
picture

Halldor Stenevik har også signert for Molde.

Foto: Scanpix

Sett denne?
picture

Keeperhelten: – Jeg vil takke Christian Michelsen

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame