Frå flukt til OL-draum: –Livet var skremmande

Cindy Ngamba har møtt hindring på hindring gjennom livet, men gav aldri opp. No har boksaren som mål å kvalifisere seg til OL.

Cindy Ngamba har vore gjennom mykje i livet. No er ho del av det internasjonale landslaget for flyktningar, som skal konkurrere i konkurrere i dei europeiske leikane i Krakow.

Foto: Eurosport

– Eg veit at eg kan presse meg sjølv litt lengre, fordi eg har kome meg gjennom alt i livet så langt.
Det seier Cindy Ngamba til Discovery.
Ho er ein av utøvarane på det internasjonale landslaget for flyktningar, som denne veka skal konkurrere i dei europeiske leikane. Med det er OL i Paris i kikkerten som neste mål.

Oppdaga boksing ved ein tilfeldigheit

Skrur ein tida 13 år tilbake, hadde Ngamba forlate mora si, og flytta til Storbritannia i lag med broren sin. Ho kunne ikkje engelsk, blei mykje mobba av klassekameratar, og hadde ikkje ei mor å søke støtte hos.
– Livet var skremmande i starten.
Redninga hennar kom gjennom idrett. Ho begynte å spele fotball som 15-åring, men det var ikkje det ho ville drive med. Tilfeldigheitar førte til at ho oppdaga bokseringen.
– Ein dag etter trening kom det ein gjeng sveitte gutar ut av eit rom. Eg gjekk bort for å sjå, og fant ein boksegym. Eg begynte berre å smile, og spurte ein av trenarane om når treninga starta.
Dagen etterpå kom ho tilbake, klar for å starte med boksetrening. Men det skulle ta eitt år før ho fekk lov til å kome inn i ringen.
– Vi hoppa tau i 30 minutt til oppvarming. Etter vi var ferdige, fekk alle beskjed om å ta på boksehanskane, bortsett frå meg. Eg måtte hoppe tau i 90 minutt, og så var det på tide å dra heim.
Ngamba kom tilbake dagen etterpå, for å hoppe endå meir.
– Eg kom tilbake kvar dag i eitt år, og så sa trenaren at det var på tide å ta på hanskane, seier ho.
picture

Det var ved ein tilfeldigheit at Cindy Ngamba oppdaga boksing.

Foto: Eurosport

Vart nesten deportert

24-åringen vart nesten deportert til Kamerun i 2019, etter å ha blitt heldt i ein interneringsleir. Å bli tvungen til å reise tilbake til heimlandet, kunne fått alvorlege konsekvens for boksaren. Ho er nemleg opent homofil, noko som er ulovleg i Kamerun.
– Eg er takknemleg for at eg er beskytta og kan vere i Storbritannia. det er trist og sjokkerande å tenke på at eit land kan dømme nokon ut frå deira seksualitet.
– I Storbritannia spør aldri folk meg om seksualiteten min, men eg er veldig open, og har ingen problem med å snakke om det.
Då ho skulle fortelje det til familien sin, legg ho ikkje skjul på at ho var redd.
– Dei blei ikkje sjokkerte i det heile tatt. Mora mi hadde meir tradisjonelle synspunkt i byrjinga, då.

OL-gull er målet

Boksaren trur det ho har opplevd - flukt, mobbing og seksualiteten hennar - har gjort ho til ein betre boksar.
– Når eg er i ringen, og dei seier at det er 30 sekund igjen, så veit eg at eg kan presse meg gjennom det, etter alt eg har kome meg gjennom i livet.
Når ho forhåpentlegvis skal i elden i Paris, er målet klart:
– Å stå på scena med gullmedaljen min er målet. Det er det eg trener for kvar dag.
Fått med deg denne?
picture

Knuste verdensrekorden på Bislett: – Jeg skal vise dere at jeg er best

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame