Mista OL-plassen etter kjærastens glipp
Oppdatert 18/07/2024 klokken 10:00 GMT+2
Danske Alexandra Bøje skal ikkje til OL etter at kjærasten har brote reglane.
Se den olympiske fakkelstafetten - Dag 59
Video credit: Eurosport
- Følg OL i Paris på Max!
Det danske kjæresteparet Alexandra Bøje og Mathias Christiansen skulle delta i double i badminton i OL, men slik vart det ikkje etter ein doping-glipp frå Christiansen si side.
Christiansen har ikkje vore tilgjengeleg for dopingtest tre gongar, ettersom han har rapportert inn feil. Det er brot på antidopingreglane, og difor får han ikkje delta i OL.
Dermed har også Bøje mista OL-billetten sin, sjølv om ho ikkje har gjort noko feil.
– Alexandra er eit uskyldig offer for dette. Dei er jo saman som par, så det rammar dei begge, seier sportssjef i Badminton Danmark, Jens Meibom, til danske Ekstra Bladet.
Meibom har vore i kontakt med badmintonduoen etter at dei mista OL-plassen.
– Mathias har veldig skyldfølelse for at det rammar dei begge to. Det er slik det er. Det er veldig trist. Alex har ingenting med dette å gjere. Det er veldig, veldig valdsamt for ho, då dette også gjeld partnaren hennas, seier han.
Til danske TV 2 avviser Christian at han har brukt ulovlege midlar.
– Det kan eg 100 prosent avvise. Dette skyldast utelukkande feil i mine innmeldingar. Vi skal melde inn kvar vi er tre månadar fram i tid. Ein av feilane er at eg ikkje rakk å melde inn i tide. Dei to andre skyldast endringar i stadane eg har vore, og det har eg dessverre ikkje meldt korrekt inn, fortel han i ein skrifteleg melding via forbundet til avisa.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2021/08/02/3191748-65390228-2560-1440.jpg)
Ble oppringt av kronprinsen etter bragden: – Har drømt om dette gullet hele livet
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame