Braathen vil ikkje utelukke comeback: – Vi får sjå
Publisert 23/01/2024 klokken 09:32 GMT+1
Lucas Braathen var på plass i Kitzbühel i helga, denne gongen som publikum. Det vekte følelsar hos den tidlegare alpinisten.
Braathen zu Gast in Kitzbühel: "Dann vermisse ich den Skisport"
Video credit: Eurosport
I helga returnerte Lucas Braathen til alpinsirkuset, men denne gongen var han ikkje ikledd fartsdress med ski på beina. Han var heller tilskodar.
– Det er litt miksa kjensler å vere i Kitzbühel. Eg elskar å vere her og oppleve atmosfæren, men det er openbart litt rart å vere på denne sida av gjerdet, seier Braathen til Discovery.
Saknar sporten
Braathen valte å legge opp som alpinist i oktober i fjor. Då var han berre 23 år gamal.
I ettertid har han brukt tida på å jobba med andre prosjekt.
– Det skjer mykje no. Eg jobbar med alt frå å designe kle til å jobbe med Atomic med å utvikle utstyr. Det er kult og gøy.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2023/10/27/3812983-77511588-2560-1440.jpg)
Her deler han sjokkbeskjeden: – Jeg legger opp
Video credit: Eurosport
Sjølv om dei nye prosjekta gir meirsmak, legg ikkje den tidlegare alpinisten skjul på at han saknar sporten og livet som utøvar.
– Eg må innrømme at når eg ser Cyprien Sarrazin (vinnaren av utfor laurdag, journ. anm) gå opp på pallen og juble for full hals framfor publikum her, så saknar eg det. Definitivt.
23-åringen har tidlegare uttrykt at ei comeback i framtida ikkje kjennast så realistisk no. Samtidig vil han ikkje utelukke det heilt.
– Eg vil berre gjere det som fyller meg med mest glede. Om det er eit anna yrke innan kreativitet, så får det vere det. Om det er å stå på ski, så får det vere det. Eg er open for kva som kjem til å bli mitt neste steg. Det er berre ein måte å finne ut av det, seier Braathen.
Stolt av kompisen
Tysdag og onsdag skal teknikklandslaget i aksjon i Schladming. Der har den tidlegare alpinisten gode minner. I fjor hamna han på pallen i slalåm-rennet.
I staden skal blant anna bestekompisen til Braathen, Atle Lie McGrath, kjempe om ein topplassering denne gongen. Han har hatt ein god start på året, med ein andreplass i Adelboden og Wengen.
– Atle gjer verkeleg jobben sin om dagen. Han er så stabil, og det gjer meg veldig stolt og glad å sjå, seier Braathen om kompisen.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/01/19/3867014-78573208-2560-1440.png)
Sjekk denne utrolige manøveren: – Oioi!
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame