Populære sporter
All sport
Vis alt

Aleksander Aamodt Kilde sa nei – no blir han representant i landslagsutvalet

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 03/04/2024 klokken 08:48 GMT+2

Aleksander Aamodt Kilde blir alpinistane sin representant i utvalet som skal vurdere endringar i dagens landslagsavtale.

Ærlig Kilde: – Det har vært en tøff tid

Det skriv Noregs skiforbund (NSF) i ei pressemelding.
– Eg har vore tydeleg, også i media, når et gjeld mi oppfatning av Skiforbundet si handtering i denne prosessen. Tilliten er sat kraftig på prøve, men eg opplev likevel at det no er vilje til å finne løysingar, seier Kilde i pressemeldinga.
Kilde sa i første runde nei til å delta i utvalet då det vart presentert i februar.
Utvalet er no fulltalig, og skal levere si innstilling til skistyret i løpet av våren. Då kom han med krass kritikk mot forbundet.
– NSF har nyleg deltatt i konstruktive dialogar med oss, og det har vore ei felles anerkjenning når det gjeld nødvendigheita av å revidere landslagsavtalen, seier han no.
Arne Baumann leiar utvalet. Han er fornøgd med å få Kilde med seg.
– Det er avgjerande for oss at ein utøvar frå alpint er med i utvalet, og med sin tydelege stemme og sterke posisjon, er eg glad for at Aleksander no har sagt ja til å bidra i dette viktige arbeidet, seier han.
Alpinistane og Johannes Høsflot Klæbo har i lengre tid vore i konflikt med forbundet rundt landslagsavtalen og «image rights». I fjor bestemte forbundet at eit utval skulle sjå på innhaldet i kontraktane.
Sett denne?
picture

Her passerer hun målstreken for siste gang: – Den beste gjennom tidene


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame