Ruud positiv til russisk OL-deltaking: – Hadde vore litt urettferdig om ikkje

Oppdatert 10/12/2023 klokken 10:24 GMT+1

Fredag bestemte den internasjonale olympiske komité (IOC) at russiske og belarussiske utøvarar får delta i OL i Paris. Casper Ruud stiller seg bak avgjerda.

Stiller seg bak IOC si avgjerd: – Det blir «fair»

IOC har lenge nekta utøvarar frå Russland og Belarus å delta i internasjonale konkurransar, på grunn av Russland sin angrepskrig mot Ukraina. Fredag snudde dei, og inviterte dei til deltaking i Paris i august.
Den norske tennisspelaren Casper Ruud meiner det er eit vanskeleg tema, men ønsker i utgangspunktet dei russiske tennisspelarane velkommen til OL.
– Eg må jo få lov til å seie at eg synest det hadde vore urettferdig om dei ikkje hadde fått lov til å vere med på ein måte, seier Ruud til Discovery.
Utøvarane kan delta under nøytralt flagg. Nøytralitetsprinsippa til IOC gjer at utøvarar som aktivt har vist støtte til krigen ikkje får delta. Dei får heller ikkje delta i lagidrettar.

Russiske utøvarar i toppen

Russland har fleire utøvarar heilt i toppen i tennis. På herresida er både Daniil Medvedev og Andrey Rublev blant dei fem beste tennisspelarane i verda på ATP si rankingliste i år, medan Aryna Sabalenka er den nest best rangerte tennisspelaren på kvinnesida.
– Eg synest det blir rettferdig å konkurrere mot Medvedev og Rublev og dei som stiller frå Russland, så eg har ikkje noko i mot det. Men det blir nok ei litt spesiell stemning på mange måtar.
I motsetnad til store delar av den internasjonale idretten, har tennisen valt å la russiske og belarussiske utøvarar delta så lenge dei konkurrerer som nøytrale utøvarar, med unntak av eitt år under Wimbledon.
Ruud har heile tida vore positiv til at utøvarar frå Russland og Belarus får spele på ATP-touren og i Grand Slam-turneringar.
– Dei har ikkje noko anna val eller ein «backup» å leve av om dei ikkje får spele på ATP-touren, så eg har vore veldig open og positiv for at dei skal få spele der, seier Ruud.
24-åringen frå Snarøya grunngjev det med at utøvarane speler utan flagg og har offentleg gått ut at dei er i mot krigen.
– Som tennisspelar har eg sett at dei alle lev utanfor Russland, bur i andre land og reiser verda rundt.

Annleis i OL

I april opna tenisspelaren opp om tematikken i podkasten «Ruud Talk».
– Dei har ikkje noko med det (krigen) å gjere. Det er ikkje deira feil kvar dei blei født, sa Ruud den gong.
Han meiner likevel at å spele på ATP-touren er annleis enn ein deltaking i OL.
– Tennis er jo også ein individuell idrett, så dei representerer jo seg sjølv før eit land på mange måtar. I OL er det litt annleis. Utan at eg treng å gå inn på det, så er det mykje fleire politiske avgjerder involvert når det er snakk om ein heil nasjon skal vere med eller ikkje.
– Det er nok mange kloke hovud som står bak avgjerda, så eg stiller meg bak at dei veit kva dei gjer, legg det norske tennisesset til.
Sett denne?
picture

Knuser racketen og kommer med tirade: – Se på meg!

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame