Populære sporter
All sport
Vis alt

Tennisstjerna blei rana for millionar under Roland-Garros

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 09/06/2023 klokken 14:33 GMT+2

Den tidlegare topp ti-spelaren, Lucas Pouille, oppdaga at heimen hans hadde blitt brote inn i, medan han spelte i Roland-Garros.

Medan Lucas Pouille spelte i Roland Garros, braut nokon seg inn i huset hans

Foto: Getty Images

Lucas Pouille spelte sin siste kamp under årets utgåve av Roland-Garros 2. juni, i lag med Chloe Paquet. Då Pouille returnerte til heimen hans i Rennes, oppdaga han at huset hans hadde blitt brote inn i.
Det melder den franske avisa LeJDD.

Stjal til ein verdi av sju millionar kroner

Pouille kvalifiserte seg til årets Roland-Garros etter å ha vunnet tre kampar under kvalifiseringsveka, men då han returnerte heim frå turneringa, var fleire ting stjelt.
Avisa melder at tjuvane skal blant anna ha stole designerklokker og smykke til ein verdi av €600,000, som er omtrent sju millionar norske kroner.
Saka fortset etter videoen.
picture

Lettet Ruud til Discovery etter Rune-ydmykelse: – Han spiller urytmisk

Har vore open om depresjon og alkoholisme

Tidlegare har Pouille blitt rangert som den tiande beste tennisspelaren i verda. Han har spelt seg til kvartfinalen i Wimbledon-turneringa og i US Open, og vann Davis Cup i 2017. I starten av grassesongen i 2022, tok livet hans ei brå vending, og Pouille gjekk frå å skine på tennisbana, til å kjempe ein tøff kamp på heimebane.
Han gjekk inn i ein depresjon, og begynte å drikke alkohol regelmessig.
– Eg begynte å få ei mørkare side, og gjekk inn i ein depresjon som fekk meg til å sove ein time om natta og drikke åleine. Eg sank meir og meir saman, sa Pouille til avisa L'Equipe i mars.
Franskmannen valde å ta ei pause frå idretten. Det var ikkje før i slutten av 2022-sesongen at han tok i ein rekkert igjen. Etter han såg Gilles Simon spele sin siste kamp i Paris, bestemte han seg for å returnere til tennisbana.
– Å sjå atmosfæren, følelsane: Det var ein vekker. Dessutan fortalte pressa meg at du aldri kom til å spele i OL. Det gav meg ein ekstra motivasjon til å kome tilbake, sa Pouille under Roland-Garros, ifølge Tennis World USA.

Følelsesladd turnering

Å vere tilbake i Roland-Garros blei følelsesladd for franskmannen. Etter å ha slått Jurij Rodionov reflekterte han over den tøffe perioden han opplevde i fjor.
– Nokre gonger har vi augeblink der vi knekk. Desse augeblinkane var veldig vanskelege, fordi eg kom til å treffe veggen. Eg trur eg stoppa toget rett før krasjet, sa Pouille etter kampen.
Laura Robson, tennisekspert for Eurosport, var imponert over prestasjonen til Pouille i Roland-Garros:
– Eg kan ikkje førestille med korleis han har hatt det, kjempa mot depresjon og alkoholisme, og på ein eller anna måte har klart å snu ting i denne turneringa, sa ho til .
I tillegg til å ha slitt med depresjon og alkoholisme, har Pouille vore plaga med mykje skader gjennom karrieren. I 2020 opererte han olbogen, og i slutten av fjorårets grassesong vart han innlagt på sjukehuset for å behandle eit ribbeinsbrot.
I intervjuet med L'Equipe åtvarar tennisspelaren om at ein ny fysisk skade vil bety slutten av karrieren for han.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame