Populære sporter
All sport
Vis alt

Kjemper mot nedrykk med presset økonomi – mangler 6 millioner

Andreas Hopen

Publisert 17/07/2022 klokken 11:22 GMT+2

2022 er på alle måtar eit år med negativt forteikn for Kristiansund BK. Klubben er i sportsleg nedgang for fyrste gong sidan opprykket, og økonomien er pressa.

Max Normann Williamsen

Foto: NTB

31.12.21: Kristiansund BK har nett blitt nummer 6 i Eliteserien, men går i eit driftsunderskot på nærare 1,2 millionar. Underskotet et av eigenkapitalen som skrumper ned til 4.1 millionar.
Klubben hentar fem spelarar. Marius Alm og Sebastian Jarl kjem gratis. Mikkel Rakneberg frå Ull/Kisa må kjøpast ut av kontrakt. Summen er på godt over 500.000 kroner. I tillegg kjem Isaac Annan og David Agbo. Sigurd Kvile og Nikolai Hopland kjem inn på korte lån.
Nærast samstundes set styret eit budsjett som avhenger av at KBK går dryge 4,5 millionar i pluss på overgangsmarknaden for å nå null. Viss ikkje vil eigenkapitalen vere eten opp. Etter årsmøtet får klubben ein historisk dårleg start på sesongen. Eitt poeng på elleve kampar og desidert sisteplass i Eliteserien.
1. juni kom Noregs Fotballforbunds dom: KBK hamna i raud sone, og inn under forbundets økonomiske handlingsplan.

Mangler 6 millionar

Dagleg leiar i KBK, Kjetil Thorsen fortel til Discovery at klubben i samarbeid med NFF har utarbeida ein handlingsplan over tre år for å få klubben ut av raud sone.
– Vi jobber for at klubbens årsresultat i 2022 skal være så nært budsjett som mogleg. Klubben er innstilt på å gjere dei grep som trengs, det vere seg spelarsal og andre tiltak på kostnads- og intekktssida, skriv Thorsen i ein mail.
Han er også klar på at KBKs første mål er å spele på toppnivå i 2023.
– KBK er bygd stein på stein. Vi jobbar for at vi skal spele i Eliteserien også i 2023 .Dog er vi sikre på at vi kjem til å vere slagkraftige både på og utanfor bana uavhengig av divisjon i 2023, fortset den daglege leiaren.
Klubben mangler per dags dato omtrent 3 millionar kroner for å nå budsjettmålet på spelarlogistikk. I tillegg opplys klubben at dei har ei utfordring på omtrent 3 millionar på drift i tillegg. Totalt 6 millioner kroner.

Ikkje noko opphøyrssal

I sommar har KBK seld Agon Mucolli til Danmark, i tillegg vert Snorre Strand Nilsen rykta vekk. Men noko spelarflukt til spottpris vil ikkje klubbens ferske sportssjef høyre noko av.
– I ein klubb som KBK må man vere ein selgande klubb, men vi er ikkje interessert i å selge kvalitetsspelarar til ein for lav pris. Vi jakter spelarar inn, og når det er riktig interesse på spelarar ut, så er det aktuelt til riktig pris, forklarer sportssjefen.
Han fortel at klubben har leigd ut fleire spelarar, som er med på å ta sin del av totalposten på 4,5 millionar.
– Finnast det pengar til å forsterke laget?
– Det er lett å tenke seg til det. Viss ikkje vi tar nokre poeng dei neste 4-5-6 kampane, men får vi det vi drøymer og håper om framover kan ting snu fort. Då kjem det skikkeleg optimisme hos alle som bidreg på ein impoernande måte rundt KBK. Det finnast alltid moglegheiter, fortset sportssjefen.
Med andre ord, slik ståa er no forbereder ikkje KBK stallen for OBOS-ligaen i 2023 på trass av at klubben på nordmøre står med eitt poeng på de fyrste elleve kampane.
– Det er mange kampar som skal spelast i løpet av juli og august, men vinn ikkje man ein einaste kamp, då går det mot OBOS, men fokuset vårt no er Viking og dei kampane som kjem. Det er spel i Eliteserien i 2023 vi ynskjer, avslutter Hoseth.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame